PERSONVERN
Slik behandlar Tellfest personopplysningar når du kjøper, får eller bruker billett, eller besøker nettsida vår.
Sist oppdatert: 17. november 2026.
1. Kven er ansvarleg?
Tellfest er festivalens juridiske arrangør og behandlingsansvarleg for personopplysningar som blir behandla gjennom nettsida tellfest.no og billettløysinga på billett.tellfest.no.
- Organisasjonsnummer: 937 119 569 MVA
- Postadresse: Bøvegen 6, 6993 Høyanger
- E-post: hei@tellfest.no
- Telefon: 466 49 696
2. Kva opplysningar behandlar vi?
Vi behandlar opplysningar som trengst for å administrere billettar og innslepp. Dette kan vere:
- Namn, e-postadresse og telefonnummer til kjøparen.
- Billettkategori, tal på billettar, pris, ordrestatus og tidspunkt for kjøpet.
- Betalingsstatus og referanse til betalinga hos Vipps.
- Unik billett-ID, QR-kode og billettstatus.
- Tidspunkt for skanning og kva brukarkonto som utførte skanninga.
- For administrative billettar og pass: kategori, eventuell mottakar, kven som utferda billetten og eventuell intern merknad.
- Tekniske opplysningar frå tryggleiksloggar, dersom slike blir samla inn, til dømes IP-adresse og tidspunkt.
Dersom du samtykkjer til frivillig besøksstatistikk, kan vi også behandle tekniske besøksopplysningar og avgrensa opplysningar om bruken av nettsida, slik det er forklart i punkt 12.
Vi ber ikkje om kort- eller bankopplysningar i billettskjemaet. Betalinga går via Vipps.
3. Kvifor behandlar vi opplysningane?
Vi bruker opplysningane for å ta imot og stadfeste bestillingar, sende billettar og nødvendig informasjon, administrere betaling og førespurnader, administrere billettar og pass, kontrollere QR-kodar ved innslepp og sikre billettløysinga.
Dersom du samtykkjer til besøksstatistikk, bruker vi denne til å forstå korleis nettsida blir brukt, og kva interesse det er for artistar, billettar og sponsorar.
Vi bruker ikkje opplysningane til marknadsføring utan eit eige rettsleg grunnlag. Eventuelt samtykke til nyheitsbrev eller tilbod er frivillig og separat frå billettkjøpet.
4. Rettsleg grunnlag
Vi behandlar opplysningar som er nødvendige for å gjennomføre billettkjøpet og levere billetten, fordi behandlinga er nødvendig for å oppfylle avtalen med kjøparen.
Opplysningar som må inngå i rekneskapsmateriale, blir behandla for å oppfylle ei rettsleg plikt.
Frivillig besøksstatistikk blir berre samla inn etter samtykke, i samsvar med personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a og gjeldande reglar om sporingsteknologi.
Marknadsføring krev eit eige rettsleg grunnlag.
5. Vipps og andre leverandørar
Betaling skjer via Vipps MobilePay. Vipps er sjølvstendig behandlingsansvarleg for personopplysningar som blir behandla i samband med Vipps sine betalingstenester.
Tellfest får nødvendige betalingsreferansar og betalingsstatus for å knyte betalinga til bestillinga, men ikkje betalingskort- eller kontodetaljar. Vipps si eiga behandling og oppbevaring er regulert av Vipps si personvernerklæring.
Domeneshop leverer webhotell og database for billettsystemet og behandlar opplysningar på Tellfest sine vegner som databehandlar.
Transaksjonelle bestillings- og billettmeldingar blir sende via Postmark. Postmark behandlar opplysningar som er nødvendige for å sende meldingane, på Tellfest sine vegner som databehandlar.
Umami Cloud er leverandør av frivillig besøksstatistikk. Tenesta blir levert av Umami Software, Inc., som behandlar analysedata på vegner av Tellfest.
Tellfest nyttar EU som region for lagring av besøksstatistikken. Teknisk drift, sikkerheit, support og loggføring kan likevel innebere behandling av opplysningar utanfor EØS.
Umami har databehandlaravtale og avtalegrunnlag for relevante internasjonale overføringar, mellom anna EU sine standard personvernbestemmelsar.
Du kan kontakte oss dersom du ønskjer meir informasjon om slike overføringar og personverngarantiane som gjeld.
6. Administrative billettar og pass
Tellfest kan utferde billettar og pass utan ordinært billettkjøp.
Systemet kan registrere kategori, status, eventuell mottakar, kven som utferda billetten og eventuell intern merknad.
Tilgang til administrasjon og skanning er avgrensa gjennom brukarkontoar og roller, og endringar kan bli logga.
Desse billettane og passa er omfatta av dei same prinsippa for tilgangsstyring, personvern og oppbevaring som ordinære billettar.
Tryggleik og tilgang
Vi avgrensar tilgangen til billettadministrasjon og skanning gjennom brukarkontoar og roller. Berre personar med nødvendig tilgang skal kunne behandle opplysningane.
Originale billett-PDF-ar blir lagra i eit privat område og er ikkje ope tilgjengelege på nettsida.
Vi bruker tekniske kontrollar og logging for å avgrense uautorisert tilgang og kunne undersøkje feil og sikkerheitshendingar.
7. QR-billettar og innslepp
Kvar billett får ein unik QR-kode. Ved skanning kontrollerer systemet om billetten er gyldig og om han alt er brukt.
Systemet kan registrere tidspunktet og brukarkontoen som skanna billetten.
Ikkje del QR-koden offentleg; andre kan då prøve å bruke billetten.
8. Refusjon og ugyldiggjering
Når ein billett blir refundert eller ugyldiggjord i systemet, blir QR-koden deaktivert slik at han ikkje kan brukast ved innslepp.
Systemet kan registrere kven som utførte handlinga, tidspunktet og ei eventuell årsak.
Ugyldiggjering i billettsystemet er ikkje det same som ei utbetaling. Refusjonar blir handtert manuelt.
Opplysningar som trengst for å dokumentere refusjonen, kan bli lagra som del av ordre- og rekneskapsdokumentasjonen.
9. Kor lenge lagrar vi opplysningane?
Operative personopplysningar som er knytte til billettadministrasjon og adgangskontroll, blir sletta eller anonymiserte i samband med rekneskapsavslutninga etter arrangementet, normalt innan 60 dagar etter siste arrangementsdag.
Dette omfattar mellom anna kunde- og kontaktopplysningar som ikkje lenger er nødvendige, operative billettdata, QR-identifikatorar og innsleppshistorikk med tilhøyrande operative opplysningar.
For Tellfest 2027 er siste arrangementsdag 3. juli 2027. Den normale fristen på 60 dagar er dermed 1. september 2027. Dette er ei manuell, dokumentert avslutningsrutine, ikkje ein automatisk slettejobb.
Rekneskaps- og bokføringspliktig dokumentasjon blir oppbevart så lenge gjeldande lovkrav krev det. Opplysningar som er nødvendige for konkrete uavklarte refusjonar, krav eller tvistar, kan oppbevarast så lenge formålet krev det.
Vipps sine eigne betalingsdata er ikkje omfatta av Tellfest si interne sletterutine.
Tekniske loggar og sikkerheitskopiar
Tekniske loggar og sikkerheitskopiar kan innehalde personopplysningar og blir oppbevarte så lenge det er nødvendig av omsyn til tryggleik, feilsøking og gjenoppretting.
Oppbevaringstida blir vurdert ut frå formålet med lagringa, behovet for sikker drift og rutinane hos dei tekniske tenesteleverandørane våre. Opplysningane skal ikkje oppbevarast lenger enn nødvendig, med mindre lovpålagde krav eller konkrete uavklarte forhold tilseier noko anna.
Oppbevaring av frivillig besøksstatistikk er omtalt i punkt 12.
10. Rettane dine
Du har rett til å få vite kva personopplysningar vi har om deg, og kan be om å få ein kopi av desse.
Dersom opplysningane er feil eller mangelfulle, kan du be oss rette dei.
Du kan også be om sletting dersom opplysningane ikkje lenger er nødvendige for formålet dei blei samla inn for, eller dersom vi ikkje lenger har rett til å oppbevare dei. Dette kan til dømes gjelde dersom du trekkjer tilbake eit samtykke og vi ikkje har eit anna grunnlag for å behalde opplysningane.
Nokre opplysningar om billettkjøp og betaling må vi likevel oppbevare for å oppfylle bokføringsplikta. Desse kan vi ikkje slette før den lovpålagde oppbevaringstida er over.
Du kan også ha rett til å:
- Be om at behandlinga blir avgrensa, til dømes medan vi undersøker om opplysningar er korrekte.
- Protestere mot behandling som byggjer på ei interesseavveging.
- Få utlevert opplysningar du sjølv har gitt oss i eit format som kan overførast til ei anna teneste, dersom behandlinga er automatisert og byggjer på samtykke eller avtale.
Du kan trekkje tilbake samtykke når som helst. Tilbaketrekking påverkar ikkje behandling som allereie er gjennomført på lovleg grunnlag.
Det kostar normalt ingenting å bruke desse rettane. Vi svarer så raskt som mogleg, og normalt seinast innan éin månad. Dersom førespurnaden er særleg omfattande eller komplisert, kan fristen bli forlenga. I så fall gir vi deg beskjed innan den første månaden.
Du kan kontakte oss på hei@tellfest.no.
Dersom du meiner at vi behandlar opplysningane dine i strid med regelverket, kan du klage til Datatilsynet.
11. Marknadsføring
Vi sender meldingar som er nødvendige for bestillinga og festivalen, til dømes ordrestadfesting, billettar og viktige praktiske endringar.
Nyheitsbrev og anna marknadsføring sender vi berre dersom du har gitt oss samtykke.
Dersom du har gitt samtykke, kan du trekkje det tilbake når som helst.
12. Informasjonskapslar, nettlesarlagring og besøksstatistikk
Nødvendig nettlesarlagring
Nettsida bruker lagring i nettlesaren for å hugse språkvalet ditt og ta vare på ei påbegynt bestilling medan du gjennomfører kjøpet.
Ei påbegynt bestilling kan innehalde namn, e-postadresse, telefonnummer og billettane du har valt. Vi kan også lagre nødvendig informasjon mellombels i nettlesaren, slik at du kan halde fram med kjøpet dersom det blir avbrote.
Vi bruker i tillegg nødvendig nettlesarlagring for å hugse valet ditt om frivillig besøksstatistikk. Samtykkevalet blir lagra i inntil 180 dagar. Dette er skilt frå sjølve besøksstatistikken.
Frivillig besøksstatistikk
Vi bruker Umami Cloud til å få betre oversikt over kor mange som besøker tellfest.no, korleis nettsida blir brukt, og kva interesse det er for artistar, billettar og sponsorar.
Vi samlar berre inn slik statistikk dersom du har gitt samtykke.
Statistikken kan omfatte:
- Sidevisningar og tidspunkt for besøk.
- Opning og bytte av artistprofil.
- Opning av billettbestillinga.
- Faktiske klikk på sponsorlenker.
- Nettlesarspråk, skjermstorleik, nettlesar og operativsystem.
- Omtrentleg geografisk plassering og eit avgrensa utval trafikkjelder.
Nettstadadressene blir sende utan spørjeparametrar og hashverdiar. Vi registrerer ikkje UTM-kampanjar eller annonseklikk-ID-ar i dette oppsettet.
Vi sender ikkje namn, e-postadresse, telefonnummer, skjemainnhald, ordre-ID, billett-ID, QR-data eller betalingsopplysningar til Umami som analysedata. Statistikken blir ikkje kopla til billettsystemet.
Umami behandlar likevel tekniske opplysningar, mellom anna IP-adresse og informasjon om nettlesaren, for å levere tenesta og berekne ein besøksidentifikator som kan knyte aktivitet saman i ein avgrensa periode.
Besøksstatistikken inneheld ikkje namn eller kontaktopplysningar. Vi nyttar heller ikkje tekniske data til å prøve å identifisere personane bak besøka.
Samtykke og tilbaketrekking
Besøksstatistikken er frivillig. Du kan bruke nettsida og kjøpe billett utan å samtykkje.
Du kan når som helst endre valet ditt eller trekkje tilbake samtykket gjennom statistikkinnstillingane på personvernsida.
Dersom du seier nei eller trekkjer tilbake samtykket, blir det ikkje sendt nye analysehendingar. Tilbaketrekking påverkar ikkje lovleg behandling som allereie har skjedd.
Oppbevaring av besøksstatistikk
Besøksstatistikken blir lagra i Umami Cloud i inntil seks månader.
For å kunne samanlikne utviklinga frå år til år oppbevarer vi samla, anonymisert statistikk i inntil tre år etter festivalen.
Denne statistikken inneheld ikkje besøksidentifikatorar eller andre opplysningar som kan knytast til enkeltpersonar. Vi tek heller ikkje vare på individuelle besøks- eller hendelsesforløp i langtidsarkivet.
13. Endringar
Vi kan oppdatere personvernerklæringa dersom nettsida, billettløysinga eller behandlinga av personopplysningar endrar seg.
Den gjeldande versjonen av personvernerklæringa er alltid publisert her på tellfest.no
Du kan sjå når erklæringa er endra, og kva som er oppdatert, i versjonshistorikken.
Versjonshistorikk
Gjeldande dokument
Publisert: 17. november 2026
Utvida erklæringa frå billettkjøp til også å omfatte besøk på nettsida og frivillig Umami-statistikk. Forklarar datatypar, samtykke og tilbaketrekking, leverandørar, rettar og oppbevaring.
